Første Ju Jitsu trening
Kva skal du egentlig ha med deg på den første treninga i Sogndal Ju Jitsu Klubb?
Ta med deg, eller møt opp i lang treningsbukse og t-skjorte. Ha med deg ei flaske med vatn. Vi trener berrføtt så ingen sko kreves.
Kva kan du forvente deg dei på dei første Ju Jitsu treningane?
Det vil bli gjennomgått grunnleggande slag og spark teknikker og forsvar mot desse. Ulike frigjøringar frå grep og fastholdningar. Fellingar og enkle kast. Kordan komme seg opp frå bakken på ein trygg måte, når ein er blitt skubba, eller på anna vis har hamna på bakken. Fallteknikk for å kunne ta i mot fall ved skubbing, felling eller kast.
Er Ju Jitsu farlig?
På ingen måte. Det er tryggare enn å sitte i sofaen, og sjølvsagt langt tryggare enn all den farlige ballsporten mange driver med.
Vi i Sogndal Ju Jitsu Klubb setter din trygghet høyt, og trenar difor på nesten kvar trening på fallteknikk for å unngå at ein skal slå seg ved kastøvingar. Slag og spark blir trent på med bruk av ulike puter/pads. Sparring med lett kontakt er forbeholdt dei som har trent ei stund, og der brukes diverse beskyttelseutstyr.
Legg igjen en kommentar
Du må være innlogget for å kunne kommentere.